onsdag 10. desember 2008

Forklaring til siste oppdatering...

Hei, eg fann ut at det var best å forklare litt med omsyn til siste oppdateringa eg hadde no i desember. Det er eigentleg delar av eit brev sendt tidlegare - med diverse kommentarar lagt til no med bloggen. Er noko uklart, så er det berre å spørje - eg tenkte berre at noko informasjon var betre enn inga informasjon. Eg håpar de tykkjer det same.

Sit no og friskar opp bøying av sterke verb og ser på problemområde. På laurdag, då er det test og på søndag er det fest. Bra det er den rekkjefølgja;) Eg fann òg ut no, at det var på tide med litt nynorsk, no var det ei stund sidan.

Lukke til til alle dykk som har noko slags form for eksamen! Gjer ditt beste, så kan ein vere nøgd med det - og halde fram med andre juleførebuingar.

klem frå Bourg-la-Reine:)

1 kommentar:

Geir Sakseid sa...

Hei!
Eg var inne på BIC sin blogg og fann ut at det ikkje var noko lenke til bloggen din der, så no har eg gjort det (sjølv om eg ikkje lenger er prest i BIC...)
Eg er no kapellan i Os, der eg har min eigen blogg: http://presteprat.blogspot.com/