tirsdag 7. april 2009

Gudstjenesten av ungdommane gjekk bra!!

Hei og hå, jah, gudstjenesten kom i boks. Satt oppe til 3 ei natt æ og to andre og gjorde ferdig talen... hadde bønnevandring au - d va ein suksess:) Det virka som d va nytt for dei fleste, men dei tykte d va bra. Følgende var stasjonane me hadde: Takketre, syndsbekjennelse, vaske hendene (fordi en er blitt rein), drikke det levende vann, skrive bønnelapp, legge byrdene hos Jesus, be for ett sted i verden, skatten til Gud - det er nemlig du det!:) Tenn lys for noen - og kollekt.

Blei t slutt heile 9 stykk som hadde ein eller anna rolle under gudstjenesten, det va jo bra. Nå var jo ikkje førebuingane heilt jevnt fordelte, men for mange så var det første året dei er med på å lage til ei gudsteneste, så dette kan berre bli betre:)

Då dei kom vart det utdelt eige program for gudstenesta og ei sangbok, Jae Sook ei dame i kyrkja spelte piano til ein del av sangane (flott å ha litt variasjon til orgelet, sjøl om orgel er flott det òg). Så var det litt sangar - leiinga av dette kan nok bli betre.. om nokon hadde vore ein frimodig sangfugl.. Tekstlesing, me burde nok øvd meir på å lese sakte og tydelegare, og preika burde vore ferdig tidlegare slik at det vart meir tid til å øve på ho. Elles så var det noko som førte noko godt med seg denne gudstenesta, i alle fall håpar eg det.

På veg ut var det utdelt samanrulla bibelvers, og etterpå var det kyrkjekaffi med mellom anna vafler. Fleire damer var kjempesnille og hjalp oss med kaffi og te og anna lite å bite i.

Som konklusjon kan ein seie at gudstenesten vart bra, men det var godt å få det unnagjort, for det har vore noko som har hengt over meg og eg veit ikkje kva dei andre har tenkt, ei god stund.. Takk for all forbønn, og vær fortsatt med og be for ungdommane.

God natt:)

1 kommentar:

Birgitte sa...

Så bra d gikk bra! ;)