fredag 9. oktober 2009

Oppdatering :

Heisann, har fått forespurnad om litt meir info om MiJi og Alfabetiseringa, så her kjem det litt.

Så langt i haust har MiJi hatt ei gudsteneste-samling (19.september) og ei leiar-helg forrige helg. Neste helg (17.oktober)er det AGIR, den årlege generalforsamlinga som skal ta opp organisering, program for forrige skuleår og program for dette skuleåret me no er gått inn i.

På forrige gudsteneste-samling her i Bourg-la-Reine vart me rundt 25 ungdommar som kom saman til fellesskap, leik og morro, noko å bite i og til slutt ein gudsteneste. Planen for dette året er at det skal være fleire lovsangsteam knytta til MiJi som skal vere med og gjere gudstenestene enno betre. Denne første gongen var det gruppa til Henintsou, presidenten i MiJi, som leia lovsangen. Det vart kjempebra. Neste helg er målet at ein plasmaskjerm innkjøpt av MiJi skal innstallerast og vise fram sangtekstane (og diverse anna - eit hav av moglegheiter). Denne skjermen vil jo òg bli eit løft og eit flott hjelpemiddel for dei vanlege gudstenestene søndag føremiddag.

Forrige helg var me ein gjeng på 9 stykker som saman lærte litt meir om det å førebu og leie ei Bibelgruppe/samtalegruppe. Staden me var på var same som i fjor i ein kommune ikkje langt unna kyrkja her i Bourg-la-Reine, eit katolsk misjonsseminar, der dei tek i mot grupper som har seminar og konferansar. Me vart tekne godt i mot med både god mat og elles alt me trengte til programmet vårt.

Me hadde tre grupper samt Rafi som førebudde noko kvar. Dei ulike tema som vart tekne opp var: Bekymring, Jesu undervisning om bønn, Ung og kristen i 21 århundre og Tolmod og uthaldenheit medan ein ventar på Guds lovnader. Alle, vellukka og interessante tema, der ein fekk fram kva som kunne vere utfordrande med ulike tema.

Eit anna punkt på programmet var "personleg tid". Først tenkte eg med meg at, hmm, to og ein halv time utan å prate med nokon, ikkje i-pod, mobil - ingenting, litt lenge? Men eg fann ut at det gjorde godt med denne pausen i eit elles nokså fyldig program. Eg sat lenge i sola, kanskje ein av dei siste sol-dagane før hausten kjem for fullt? sendte stille tankar til Gud og berre naut stilla. Ein ting som vart opna for i denne "personlege tida" var samtale med Rafi på tomannshånd, om kva det måtte vere. Òg eit godt tilskudd. Eg trur det gjorde godt for oss alle å kunne spørre om ting i ein ustressa tilværelse, få råd og elles det som låg på våre hjerte. Erfaring, det er noko som er gull verdt og det har jo Rafi ein god del av.

Elles var me som ein god vennegjeng, prata og lo, åt saman, bad saman og lovsang saman. Ei helg med påfyll. Ho gjorde i alle fall godt for meg.

Eg håpar det med tida vil bli fleire ungdomsgrupper rundt om i kyrkjene. Unge har behov for eit fellesskap seg i mellom. Vel kan det vere rikt og godt å kome saman med foreldre og besteforeldre-generasjonen, men her i den franske lutherske kyrkja vil det vere to ganske ulike typar fellesskap, i alle fall slik eg har fått inntrykk av. Desse skilnadane viser seg nok òg i Norge, om enn kanskje ikkje i like stor grad. Håpet er at det skal vere ein plass i alle kyrkjer som er spesielt tilrettelagt for ungdom og unge. Ikkje alle kyrkjene har ungdsomsgruppe - eller nok ungdom til å få til ei ungdomsgruppe, difor er det bra at det i alle fall fins MiJi, som kan tilby eit fellesskap med andre ungdom ein gong i månaden. Eg håpar at kyrkja blir stappfull neste laurdag:)

Alfabetisering med Operasjon Mobilisering
Alfabetisering - det er noko som funkar. Om ikkje alt går så fort, så er det i alle fall noko som tilfører noko verdifullt til desse kvinnene som kjem. Mange har budd ti år eller meir i Frankrike, men snakkar likevel ikkje flytande. Tidlegare skulegang er for mange minimal og mange kan ikkje alfabetet, og ennå færre kan lese lengre ord. Organiseringa er slik at det er 4 nivå, alt etter kva damene er klare for å lære. Lesing, skriving, vokabular og grammatikk, men med ein god dose tålmod, venlegheit og omsorg. Kvinnene kan ta med seg ungane som ikkje går på skule, dei møter andre i same situasjon, kanskje frå same land. Her kan dei skaffe seg venner, treffe gamle venner og få ei avveksling i eit, for fleire, ganske monotont liv.

Kvinnene som kjem er kristne, muslimar, hinduistar og kanskje endå frå andre ståstader. Alfabetiseringa går føre seg i ein sal i den evangelisk-lutherske kyrkja i Saint Denis, så at Gud og Bibelen blir nevnt er jo ikkje så sjokkerande. På slutten av økta er det ei av undervisarane som avsluttar med ei Bibelhistorie, for muslimane er det fleire gonger noko dei kjenner att frå Koranen, t.d. i samband med Abraham, som me fortél om for tida. Denne Bibelhistoria er som sagt etter den andre gruppebaserte undervisninga, så for dei som vil gå før denne historia er det sjølvsagt fritt fram for det, men denne hausten kan eg ikkje hugse å ha sett nokon gå før. Eg trur det er noko dei likar. Ofte blir historia fortalt med flanellograf, eller andre visuelle bilete, noko som gjer at det går an å få med seg ganske mykje av innhaldet til tross for svake franskkunnskaper.

Etter Bibelhistoria blir det servert litt kjeks og te eller jus og me som underviser tek oss litt tid saman med damene og pratar om kvardagen, alt og ingenting.

Eg må seie eg tykkjer opplegget til Operasjon Mobilisering er kjempeflott, for heile mennesket blir rekna med, ikkje berre intellektet, men òg det sosiale og det åndelege er det rom for. Me som kristne, me har ein skatt - Kjære Jesus, hjelp oss å stråle denne skatten til andre slik som du vil, gjer oss frimodige - Amen Eg ser heilt klart på lesing og skriving som eit skattekart, for den kunnskapen må til skal ein kunne få tak i det Bibelen har å seie. Mitt håp er at dei alle skal få kunne velje skatten om dei vil, at dei skal få lære å lese og skrive og få høyre at det fins éin Gud som elskar dei, som døydde for dei og som stod opp att.

Elles - på det personlege planet: eg er blitt tante:) I går - Olav, og det på min andre brors 30-årsdag:) De skal sjå det blir store kalas i framtida:)

Ønskjer dykk alle ei god helg og Guds rike fred,
I morgon er det ungdomsgruppe med tema: Kristendommen: usann, kjedelig og utdatert/irrelevant (litt sånn Alpha-opplegg). huh, litt nervøs, men ved Guds nåde skal det gå bra.

-Kari Hélène-

1 kommentar:

Vidar sa...

Gratulerer med tantungen! Hatt to flotte leirer på Alværa nå i høstferien:-) Gud velsigne deg!